Erlend Loes “Soga om Roy”

Avisen Vårt Land fikk Erlend Loe til å sende inn en besvarelse på en sidemålstentamen hvor oppgaven var å lage “ei moderne ættesoge”. For å lure læreren som skulle rette stilene så leverte Loe under navnet Pia. Jeg finner desverre ikke artikkelen på nettet lenger, men her er et utdrag av den:

“Jeg leser ofte nynorsk, og har kjempestor sans for språket. Ved et uhell kjøpte jeg en gang Snorre på bokmål. All safta var borte,” seier Erlend Loe til avisa Vårt Land.

Loe fikk en firer på besvarelsen, med kommentaren at innholdet var bra nok til en sekser, men at nynorsken trakk ned.

Klikk videre for å lese stilen (i både original og rettet form), laste den ned i .mp3-format og lese en kort kommentar fra Loe angående karakteren.

Teksten henter fra språkrådet sine sider. Merk at dette er en rettet versjon!

Erlend Loe: Soga om Roy

Roy heitte ein mann. Han var son til Ben, son til Glenn-Ivar, son til Kim den inkontinente frå Oslo. Mor til Roy heitte Connie og var webdesignar for eit lite tidsskrift om mental helse. Roy budde på Alna, ikkje langt frå bomstasjonen. Han var ein o.k. mann, måteleg ven å sjå til, og ikkje så rik. Han var ikkje godt likt av alle og heller ikkje så framifrå i alle ting. Det fanst dei som kalla han ein tapar.Kona til Roy var Linda, dotter til Audi-Lars, son til Lorentzen med kolonialen, svoger til Jon Herwig Carlsen, som på denne tida jobba med TV, og som ikkje er i nærleiken av å koma denne soga ved.Roy og Linda hadde ikkje noko godt forhold. Dei prata sjeldan med kvarandre. Som oftast sat dei berre framfor TV-en, og det var mykje irritasjon i lufta.Halvbroren til Roy heitte Bosse og hadde svensk pass, sjølv om han var oppvaksen i Noreg og snakka norsk så godt som nokon. Det vart aldri tala mykje om kvifor, men årsaka må ha vore at Connie hadde late ein ovfull svenske få viljen sin med henne ein gong ho var på kurs i sjølvutvikling i traktene kring Jämtland og Härjedalen.Bosse var stor og sterk, men stillfarande og utan sjølvtillit. Roy og Bosse hang saman både støtt og stadig. Dei var gode vener. Der den eine gjekk, kom den andre med. Hadde dei ikkje vore brør, ville folk ha trudd det var homogreier på gang. Ingen av dei hadde noko fornuftig å ta seg til på dagtid. Dei rak for det meste rundt og gjorde ugagn og plaga slike som var annleis enn dei sjølve. Dei var båe lova jobb på Tybring-Gjedde på Alna, men det vart liksom aldri til noko.No vik soga sør til Grünerløkka i Oslo. Der budde ein mann med namnet Ibrahim, son til Ibrahim, son til Ibrahim, son til Ibrahim frå Izmir i Tyrkia. Ibrahim hadde ei dotter som heitte Houda. Ho var så ven og attråverdig at hennar like ikkje fanst i mils omkrins (og dette var i tettbygd strok). Mannfolk gjekk ikkje av vegen for å drepa for å få Houda. Så fin var ho. Men ho heldt dei alle på avstand. Ho var ikkje interessert. Ho spara seg for den rette. Og mens ho venta, arbeidde ho i grønnsakbutikken til faren, og ingen var som henne til å selja olje og frukt og fetaost og smila til alle og få god pris. Og dessutan las ho medisin om natta.

No er å fortelja at Roy og Bosse ein dag hadde teke turen ned i sentrum og sat og drakk på offentleg stad, nærare bestemt i ein park kalla Birkelunden, ikkje langt frå butikken til Ibrahim. Då sa Roy til Bosse: «Det såg eg gjerne, bror, at du fekk ut fingeren og tok deg ei kone, så kunne vi vera to par, eg og Linda og du og di kone, og gjera mykje moro saman, fara til Sverige med campingvogn, til dømes.» «Det hadde ikkje vore meg imot,» svara Bosse, «men kven vil ha ein slik tapar som meg?» Roy svarar: «Ikkje veit eg, bror, men korleis likar du desse småjentene som går der borte ved fontena?» «Dei er både vene og heftige,» seier Bosse, «men eg har ikkje hug til å ta kontakt med dei. Dei kjem berre til å be meg ryka og reisa.» Roy seier: «Gå no til butikken og kjøp noko meir øl, så blir det vel ei råd etter kvart.» Bosse svarar: «Eg er skeptisk, men vil likevel gjera som du seier, bror.» Så gjekk han til Ibrahims butikk og stelte seg i kø framfor kassa. Han stod der og såg dumt ut i lufta, som han alltid gjorde, men då det blei hans tur, kom han til å kasta eit auge på Houda, og kaldsveitten sto i panna på han. Houda seier: «Kva kan eg hjelpa deg med?» Bosse mister no munn og mæle. Han sig saman og fell i bakken. Houda bøyer seg over han og vil hjelpa han opp. Bosse slår opp auga att, og han reiser seg, og han kvad denne visa:Eg kom for å kjøpa øl, men aldri har eg sett
ei kvinne som deg.
Din like finst ikkje i dette landet.
Me skal vera saman, du og eg, frå denne
dag og livet ut. Ikkje kan eg by deg mykje
gods, men kjærleik skal du få frå morgon til kveld,
så sant eg heiter Bosse. Og dessutan har eg kanskje
noko på gang ute på Tybring-Gjedde.Det blir ikkje enkelt, for bror min og familien
har tvilsame haldningar
til innvandrarar, men slik skal det likevel
vera, og viss ikkje skal eg lata mitt liv og døy
på flekken.Houda sa: «Dette var ikkje som eg hadde tenkt det, men du har rett; slik er det laga, og slik må det vera, men eg vil halda fram med å lesa medisin.» Bosse seier: «Sjølvsagt skal du lesa medisin, og eg skal og ta tak i meg sjølv og lesa eitkvart eller brødfø oss på annan måte.»Då Roy hadde sete så lenge på benken at han byrja å ana uråd, gav han seg i veg til butikken for å sjå kva som hadde gått føre seg med Bosse. På fortauet møter han Bosse og Houda, arm i arm. Roy sa då: «Kva er dette, bror? Her sit eg og ventar på at du skal koma attende med øl, og så kjem du med ei framandkulturell kvinne, og på auga dine ser eg at du tenkjer å ekta henne.» Bosse svarar: «Så er det.» Roy seier: «Ikkje var det dette eg hadde tenkt då eg bad deg om å finna ei kvinne. Stor skam fører du over familien, og ikkje blir det nokon campingtur til Sverige no. Var du ikkje bror min, så drap eg deg no med det same. Eg vil ikkje ha noko meir med deg å gjera, og eg let deg gå fri no, men eg rår deg til å forlata landet, for frå no av går du utrygt kor du enn oppheld deg i Noreg.»Deretter gjekk brørne kvar til sitt, men ingen av dei tykte seg ferdig med denne saka. Roy vart verande på Alna. Han heldt seg heime. Han såg mykje på TV og var ikkje grei å vera i hus med. Han sa ikkje meir den vinteren.
Her er originalen, med rettinger:

En .mp3-versjon av teksten kan du laste ned fra Cappelen sine hjemmesider.

Og til slutt, en liten sak jeg fant på VG:

Innsendt av: Gompen,
10/10 – 2004 kl. 15:25

Jeg har lest en stil du skreiv en eller annen gang på skolen som het “Soga om Roy”. Jeg syntes den var utrolig morsom! Skjønner ikke hvorfor du bare fikk 4.. ”

ikke jeg heller. Hilsen erlend loe