FilmBokFilmBokFilmBok

Tomme Tønnerblack tv
Trur norske komediar er på rett vei, men skulle ønske at denne filmen hadde vore litt meir norsk, kanskje? “Ti tusen tommeltotter”-scenen var kanon, meir som den. Og mindre oppbrukte stereotyper og, kanskje.

Dracula
1958-versjonen med Christopher Lee, av Hammer films. Kul film å sjå på  Kino. Den er annerledes enn dei gamle Dracula-filmane (og boka), og alt henger ikkje heilt på grep. Dracula ser kul ut, men har ikkje ein personlegheit. Han er berre der. Visuelt sett kjempekul, då.

Kiss Kiss Bang Bang
Framleis ein av mine favorittfilmar. Robert Downey Jr. og Val Kilmer er hysteriske i denne.

And Now for Something Completely Different
Monty Pythons fyrste film. Berre høgdepunkt frå TV-showet. Eg har sett den mange gonger før, men sjansen å sjå Python på kino kunne eg ikkje la gå i frå meg.

Groucho, A Life in Revue
Dette er eit teaterstykke, eg såg ein filmversjon av det. Groucho Marx er veldig morsom, og her har dei samla høgdepunkt frå karriæren hans med biografisk materiale. Interessant om du liker han. Og skodespelaren ligner veldig, og.

Claire’s Knee (Le genou de Claire)
Fransk film, handlar kort sagt om ein som forelskar seg i kneet til ei jente. Men eigentleg så handlar filmen om mykkje meir. Den tar for seg pedofili, på ein måte, og er tidevis litt provoserande. Men det er meir kjærlegheita som er tema, ikkje berre pedofili.

Morgan Kane – Møte i Tascosa
Kunne ikkje dy meg, no som dei er i butikkane så må eg jo nesten lese dei. Denne var grei, gleder meg til neste!

Et Drömspel
Av August Strindberg. Dramastykke som forestiller ein drøm, og eg likte det eigentleg veldig godt. Eg leste det på svensk (pensum), og eg hadde ikkje god tid til å lese det på, men eg gleder meg til å lese det igjen. Plottet er at “Agnes” blir sent frå himmelen for å sjå kvifor me menneskjer klagar så.

Vår ære og vår makt
Av Nordahl Grieg. Dramastykke om skipfart før andre verdenskrig bryt ut. Ganske bra, Grieg bruker verkemiddel frå film ganske bra, trur det må vere kult å sjå stykket live.

Ps. brukte ikkje ordbok i dette innlegget :I

1 comment

Comments are closed.