Filmer og bøker MIDTMARS

Attack of the 50ft womanimage
Ikkje like spennande som tittelen eller plakaten, men det venta eg heller ikkje av ein B-film frå 50-tallet. Den var veldig gøy då, og sånne filmar har jo ein herlig sjarm. Handlar om ei som er styrtrik og litt tullete. Ho er gift med ein mann som er utro. Ho støter på nokon aliens, og blir “smitta”, sånn at ho veks og blir gigantisk. Så går ho litt att og fram.

En helt vanlig dag på jobben
Eg blei skuffa av denne, men eg er glad at han blei laga. Basert på boka, ein journalist for Se&Hør som “oppdager” og “bruker” Sven O. Høiby. Den hadde nokre morsomme scenar, men eg fikk eigentleg meir lyst til å sjå ein dokumentar om det heile. Håpar den får nokon folk til å slutte å lese sladderblad, då er den verdt det.

The Gong Show movie
Eg har berre sett 6-7 episodar av The Gong Show-serien, men eg diggar den. Det er eit gameshow frå 70-tallet som ikkje tek seg sjølv alvorleg i det heile, og det er som om alle som er der berre har det supergøy osv. heile tida. Filmen er litt det samme. Chuck Barris (som skreiv ein falsk biografi som har blitt filmatisert, Confessions of a Dangerous Mind) laga filmen, og den er berre om han som driv showet og blir masa på av folk som vil vere med på det. Den er litt morsom, men det skjer ganske lite. Er gøy å sjå, fordi den er veldig enkelt laga, og det virker som her og har han berre hatt det gøy. Kul fyr.

Barbarella
Sci-fi-film basert på teikneserie. Den var rar. Det er i framtida, Barbarella er ei 856e6da1b8315e550231f566f6f86f4bc79075fbagent (eller noko i den duren) som skal finne ein kar som har laga  eit våpen (som er uvanleg pga alle er pasifister). Ein anna ting med verden der er at dei har slutta med sex. No tek dei pillar og held kvarandre i henda. Ho reiser for å finne han fyren, og kjem til “utsida” av sivilasjonen, der gamle koloniar endå er osv. Der har dei endå sex. Så har ho sex med ein haug folk. MEN, det er ikkje porno. Sex-scenene blir ikkje vist. Derfor den er ganske spesiell. Den har nokon på-kanten-scenar då, men er berre ein campy sci-fi mitt litt ekstra rar setting. Heilt grei.

Det brenner i natt
Norsk film frå 50-tallet. Blei beskrevet som “Norsk Hitchcock-film”. Det er sant, på godt og vondt. Det goda: Det er ein psykologisk thriller om ein pyroman (hitchcock-aktig). Det vonda: Den er ikkje særleg god (norsk). Gøy å sjå, men det er mye dei kunne ha gjort annerledes. Er ein karakter, ein journalist, som har ca. ingen funksjon – sjølv om han er den eg trudde skulle vere hovedperson. Eg trur at mange av ideane i filmen er bra, og det hadde vore kult å sjå ein remake (med ein del endringar).

Rocky 2
Ikkje fullt like god som den fyrste, men framleis ein solid film. Eigentleg så er den ca. lik den fyrste, berre den fyrste timen (characterbuilding ca.) er ikkje like bra, langt der i frå. Eg gleder meg til å sjå dei neste filmane då, for sjølve boksinga er gøy. Det er berre familiesituasjonen til Rocky som ikkje var så veldig spennande.

The Punisher
Frå 1989, med Dolph Lundgren. Ikkje noko særleg bra, men det var ikkje Lundgren sin feil. Var veldig fortellende film, me får sjå alt som skjer med alle partar (Punisher, polisen og badguysa), og følger dei jevnt og trutt. Og actionscenane er rotete og uoversiktlige. Han dreper ein haug. Jaja.

Bøker:

Morgan Kane – El Gringo
Morgan Kane er no i Mexico, der han blir med i ein bande som er i aktiv kamp mot loven. Blablabla. Litt meir action enn forrige bok, og Morgan Kane er litt meir helt, men det er endå ikkje den mystiske, mørke Kane som eg håper kjem snart. Då han er eldre, har brent seg på livet osv. osv. Men boka var lettlest og gøy. Har tenkt å lese neste og.

Jenny
Sigrid Undset er sikkert Noregs mest kjente forfatterinne. Ho har f.eks. vunnet Nobels litteraturpris. Jenny er ei bok om ei kvinne, skrevet av ei kvinne og tar opp temaer som kvinnerollen og kvinners friheit. Sia boka var skrevet av (sjølvaste) Undset så vona eg at den overgjekk mine forventingar. Det gjorde den ikkje. Den var akkurat som ein skulle tru. Eg seier ikkje at boka var dårleg, men per dagens standarar er den ikkje mye original. Den var det sikkert då. Men eg trur heller ikkje at eg er heilt i målgruppa for boka, og eg las ho med hastverk, så det kan også ha påvirka meg.