Kunstnar: Floyd Gottfredson

Eg vokste opp med Donald Duck som alle andre i Noreg. Eg likte aldri Mikke Mus noko særleg (sjølv om det var ein del bra med han og). Men dei beste har alltid vore Don Rosa, Marco Rota og Carl Barks. I den rekkefølgen. Carl Barks er den som er mest kjent av dei, fordi han fant opp ca. heile universet. Carl Barks laga og ein del maleriar, då han var ferdig med teikneseriane. Floyd Gottfredson var som Barks, berre med Mikke Mus.  (trykk for meir)

mickeypaintings_016

Spøkelseskladden, ein av dei mest elska “badguysa” i Disney-universet, var ein av hans karakterar.

mickeypaintings_012

Eg likar når gjengen er samla. Som i dei gamle teiknefilmane. Han fekk jobben for å arbeite med teiknefilmane – men enda opp med å lage teikneserier. Fyrst historiar, så avisstriper.

mickeypaintings_009

Svarte-Petter var ikkje ein av hans. Men han populæriserte han nok litt.

mickeypaintings_005
Eg likte at Mikke var detektiv. Og eg digger Langbein i denne teikningen. Eg har ikkje fleire kommentarar, så her er berre eit par til:
mickeypaintings_001

mickeypaintings_013

1 comment

Comments are closed.