Mitt liv i revy

Bra ordspill eller kva?

Her er ein ganske nøktern forklaring av revygreia. I dagboka har eg berre skrevet “REVY” som ikkje seier stort om revyen til RUDI 40 ÅR – og eg stoler ikkje på mi eiga hugse nok til å la det vere uskildra. Bra nynorsk.IMG_2971

Eg går på humanistisk fakultet ved UiB. HF er det største fakultetet, men til tross for dette er det lite samhald og miljø blant studentane. I eit forsøk på å gjere noko med det så blei HF-revyen danna. Eg blei med i skrivegruppa. I utgangspunktet var me ein stor gjeng, mot slutten var me berre tre. I desember leverte me inn ein samling sketsjar, og i januar (trur eg) starta arbeidet med å sette opp revyen. Eg var ikkje involvert her, men det var visst ein del problem, folk som slutta, jobbar som ikkje blei gjort, osv.IMG_2972

I mars så var det ein kostyme-dugnad der eg var med. Då blei eg spurt om eg ville vere scenearbeidar, og det ville eg. I april så begynte dei med øvingar på det Akademiske Kvarter, der scenen var, og då var eg med. Fredag 9. april til tysdag 13. var eg med heile dagane, kvar dag, og onsdag 14. var premieren. På premieren var det ca. fullt, torsdagen var det så mange at me måtte sende folk heim, første forestilling på fredag var det ein del over halvfullt og siste forestilling (andre på fredag) var det omtrent fullt. I alle forestillingane virka folket nøgd. Det var altså ein publikumssuksess!IMG_2961

Men! Stykket var amatørmessig. Det blei berre ei øving med lyd og lys før premieren, og nokon sceneskift var langt i frå sceneskift. Sceneteppet var også ganske stygt. Men eg syns at alt fungerte til tross. Det var ikkje veldig bra, men eg trur det er eit stort steg i rett retning for miljøet på HF.

Her er eit filmklipp frå BSTV om revyen:
http://bstv.no/kultur/2010/04/16/med-skurken-plassert-pa-det-juridiske-fakultet-2

Ein artikkel som pratar om HF-revyen og Jus-revyen:
http://studvest.no/kultur.php?art_id=12773

Studvest likte ikkje revyen:
http://studvest.no/kultur.php?seksjon=anmeldelser&art_id=12798

Litt gøy:

Mens jussrevyen startet opp i 2003, har et budsjett på 130 000 kroner og over 100 personer involvert i oppsetningen, avholder HF-revyen sin første forestilling noensinne med 8000 kroner i budsjett og et samlet mannskap på 26.

Obs: Alle bildar er frå forberedinga, for å sjå noko frå sjølve revyen, sjekk BSTV sin film.

This entry was posted in Rudirapport and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *