Twitter

Eg tenkte eg kunne slå eit slag for twitter. Kva er twitter? Tenk ein tjeneste som berre er statusoppdateringar frå facebook – og då stort sett uten apps/osv. Ein kan berre poste tekst og lenker, og maks 140 teikn. Dei som laga twitter tenkte at det skulle vere som SMS over Internett. Tja. Twitter er kanskje litt over-hypa i media sia det strengt talt ikkje er mange i Noreg som bruker det (i forhold til facebook o.l.) – men det er framleis verdt å sjekke ut, og her er kvifor!

image

(Obs: Stoltenberg følger 25979 stk. på twitter)

Hovudargumentet dei fleste har mot twitter er “eg bryr meg ikkje om kva andre et til frukost” – altså at det er poenglaust å sjå kva alle andre driver med heile tida. Eg er heilt einig, og det er ikkje det twitter handler om. Du velger sjølv kva du vil tvitre, det er mange som berre følger med på andre, og dei fleste tvitrer meir kva dei tenker enn kva dei gjere.

Sjølv om ingen du kjenner bruker twitter er det mange fordelar. Du kan ta direkte kontakt med kjendisar. Det er mange kjente som bruker twitter, sia det er ein grei måte å få merksemd på og ein bra måte å prate med fans på. Om du leiter etter ein kjendis er det berre å google namnet + twitter, eller sjekke vevsider som lister opp dei mest populære, til dømes WeFollow.

Eit utvalg av dei norske eg følger:
Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg
Espen Eckbo
Thomas Giertsen
Erlend Loe
Aslak Borgersrud (frå Gatas Parlament)
Are Kalvø
Lars Monsen (som har tatt seg ein twitter-pause)

Og nokon engelske:
– Arrested Development: Jason Bateman, Ron Howard og Will Arnett
Tom Hanks
Conan O’Brien
– Shaun of the Dead/Spaced/Hot fuzz: Simon Pegg, Nick Frost og Edgar Wright
Bill Gates
Arnold Schwarzenegger
Stephen Fry
David Lynch
Nathan Fillon
Carrie Fisher
Adam Savage (frå Mythbusters)

Og mange fleir! Ikkje alle er like gode til å oppdatere, og nokon gjere det berre for å reklamere (t.d. Are Kalvø). Nokon, som John Cleese, har assistentar som gjere det for seg – sjølv om dei får beskjed om kva dei skal skrive. Dei beste er dei som poster ein del sjølv. Eg vil her bruke Erlend Loe som eksempel:

Trist at "ellevilt" hele tiden brukes om de dårligste filmene. Så nettopp Olds Dogs. Avskyelig. Null ellevill.

Et helikopter kom da jeg løp i skogen idag. Lot som om det var ute etter meg. Økte farten og sneiet stammene. Kom meg unna.

Noen ganger når jeg løper, anmelder jeg egne uskrevne bøker. Makeløs Loe! Hvor tar han det fra? Føles som en uvane.

Pappa, hvis Peterskirken raser sammen, tror du paven tar selvmord? Jeg sa jeg ikke hadde tenkt over saken, men at det ikke kan utelukkes.

Barnehageanekdote: Martin har tatt på Noahs øye. Mens det var åpent. Rett på.

Det er og ein del institusjonar og program ein kan følge. Dei fleste store vevsider har eigen twitter som dei poster alt nytt på. Eg liker godt språkteigen sin twitter.

Twitter er og ganske enkelt å få til. Det er mange klienter til mobiltelefonar, eg bruker Twim. Twim trenger ikkje ein veldig moderne telefon, men du kan framleis sende bilder og filmer til twitter via det. iPhone har også ein heil haug gode klientar trur eg.

Til dykk som kjenner meg, har twitter, men ikkje følger meg – legg meg til! (eg har og ein engelsk konto). Om nokon av dykk frå Heimtun (kull 08/09), sjekk ut min Heimtun-liste.

1 comment

  1. Fine tips. Har startet et par ganger, men gitt opp fordi jeg konkluderte med at det ble kjedelige, uinteressante oppdateringer. Kanskje prøve igjen en gang.

Comments are closed.