Film og bøker

760c0a6c65c3fc3ff6667359a8bc9eba658be75f

Film:

Traffic in Souls (1913)
Første amerikanske film om seksualitet. Handlar om eit søsterpar, der den minste søstra blir kidnappa av nokon som driv eit horehus. Storesøstra bruker ein avlyttingsmaskin faren har oppfunne til å få bevis mot dei som driv horehuset. Er ikkje noko pornografisk, det verste er vel at nokon nesten blir piska (påkledd). Er eit stort persongalleri og mange subplots som er uinteressante. Ein måtte virkelig følge med i gamle dagar for å få med seg alt som skjer. Alt går bra til slutt. Jaja.

Casus kiran (Spy Smasher)
Tyrkisk. Flotte slåssescenar, musikkstil: hulter til bulter, laust samansatt plott og dialog som neppe blir betre av teksting på dårleg engelsk. Sjå klipp frå filmen her. Filmen er nøyaktig sånn. Dessutten så trur eg nokon deler av den mangler. Gøy film!

Kilink uçan adama karsi (Kilink vs. the Flying Man/Superman)
Endå ein tyrkisk film, nummer to i ein serie om Kilink, som er ein badguy i ein lite truverdig skjellettdrakt. Det at eg ikkje har sett den første i serien betyr ikkje så mye, sia dei første 20 minutta er første filmen i reprise (med kraftige kutt). Resten av filmen er 30 min, som og virker ganske nedkutta – då spesielt klimakset som berre er bytta ut med ein haug bilder og ein fortellerstemme. Klarte å følge plottet då, ikkje verst berre det. Trailer.

 

Bøker:

En colt til señorita av Louis Masterson
Då eg fant ut at eg skulle lese Morgan Kane var det bøker som denne eg venta. Trur at no begynner Kane å bli den karakteren han er kjent for. Boka var heilt grei. Tru om eg klarer å lese alle 80? Med 1 i måneden har eg vanskelig for å tru at eg ikkje går lei. Kanskje held dei koken.

Hærverk av Tom Kristensen
Murstein av ei bok. Dansk. Handler om ein kar, Jastrau, som har grei jobb og familie – men som drikker seg i frå alt. Omtrent med vilje. Jastrau er ein kul karakter, og han gjere mye kult og eg liker både miljø og situasjonar i boka – men den er så alt for lang. Alt som skjer er fyllekule etter fyllekule. Hadde boka vore 200 sider kortere hadde eg kanskje digga den.

Fred av Arne Garborg
Eg skal bli lærer og må ha lest ein del norsk litteratur. Dette er ein vanskelig bok. Den handler om ein bonde på jæren som har eit kjipt gudssyn som øydelegger han (og familien) fullstendig. Det er lange skildringar av naturen, noko eg ikkje klarar å følge med på. Eg visualiserer ikkje like raskt som eg les, og eg klarer ikkje å helde styr på alle skildringane. Det blir sagt ein del kult i boka, spesielt liker eg fantane, men hovudkarakteren er så usympatisk at den framleis er vanskelig å lese.

This entry was posted in Bok, Film and tagged , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *