Tankespinn før eksamen: MARS-500

Ein er på sitt mest kreative før eksamen. Når eg blir kjent så skal det vere i sitatbøker. Eg tenker at eg kan poste nokon tankespinn i mine pauser frå lesinga.

I dag blei eg var noko som skjer i Russland nett no. 6 stk. menn skal bu i eit falskt romskip i 540 dagar (og 540 netter). Det er for å sjekke om det er mogleg før ein evt. Mars-reise. Dei skal leke at dei reiser til Mars. Det er til og med 20 min. falsk lagg i signaler sent ut og inn frå leikeskipet. I ein video kan du sjå sånn ca. korleis det ser ut, soveromma er omtrent som nyoppussa jakthytter, og det er stort sett liten plass. Folka er alle 30-40 år gamle og med god utdanning. Alle snakker enten engelsk eller russisk. Dei har datamaskin der.

Men kva, anna enn reint arbeid, skal dei gjere i 540 dagar? Ein kar sa at han skulle ta med seg ein gitar (hei). Min første tanke var at eg vil ha med ein pose chips. Men det er jo sjølvsagt berre ein vits. Min andre tanke var ein guide med bilder og kommentarar, gjengitt her:

image

Leik og moro:
Kortstokk er bra, men då må det nesten vere to kortstokkar. Ein kortstokk er ikkje nok til 6 stk, det blir berre ca. 8 kort på kvar, altså ganske små omgangar med presidenten (men til gjengjeld vil det vel vere tid til ein heil del av dei). Sjakk hadde heller ikkje vore dumt, men kanskje litt kjedelig i lengden med to russarar ombord. (No veit eg ikkje om det er ein stereotyp at russarar er gode i sjakk, men om det ikkje er det så burde det vel nesten det, og eg tek gjerne del i å styrke denne stereotypen.) Risk hadde nok berre ført til krangel og lusen stemning om bord.

 image

Teiknesaker
Eg veit ikkje korleis det er med teiknesaker der, anna enn på computer. Ark blir vel litt stress, bruker fort ein del av dei på 540 dagar. Ei tavle hadde nok då vore betre, men då er det kritt (eller tusj) som ein må pakke i pose og sekk. Eit godt alternativ er kanskje dei magnettavlane for barn. Dei kan du viske, og dei bruker jo ikkje noko blekk. Men det er vel kanskje litt flaut – og det kan jo vere at dei ikkje fungerar i null gravitet? (Gravitet vil jo ikkje vere noko problem i dette prosjektet då dei vil vere på jorda heile tida, men sia dette er eit prøveprosjekt for ein faktisk Mars-reise ville det vore skummelt å ta med noko som ikkje ville fungert i praksis. Tenk om den magnettavla var det eineste som holdt dei i sjakk?)

 

image

Musikkinstrument
Han eine karen ville ta med seg ein gitar (som eg skreiv tidlegere, hei der oppe!) Det er jo ikkje dumt med instrument, men då må ein nesten kunne spele det frå før. Litt dumt å lære seg eit instrument i eit knøttlite romskip, i eit ekspriment for å sjå kor lenge ein kan leve saman uten å gå fra vettet. Graviteten spiller vel og ei rolle her, trur eg. Eg tok kontakt med nokon eksperter på området, men har ikkje fått noko svar.

 

image

Konklusjon:
Då eg alt har eliminert alt anna (joho), sitter me igjen med sprettballen (joho). Den er liten (passer bra til det lille skipet) og den er gøy.

Motargument: Ein sprettball vil ikkje fungere i nullgravitet.

Mot-motargument: Fuck you, i nullgravitet er alt gøy.

Tjohei. Det er ugudelig å lese til eksamen 1:00 natt til laurdag. God natt.

5 comments

  1. Om ikkje gravitet blir noko problem i akkroa dette prosjktet, så vil nok graviditet vere det. Gravitasjon slepp dei heldigvis.

  2. (Svarer her jeg, plass til litt flere tegn.) Er ingen ekspert på området, men her er hva jeg tror.

    Jeg tror gitar og nullgravitasjon burde fungere ganske bra. Strengene vil fortsatt vibrere og lage lyd. Kanskje lyden varer bittelitt lenger, men friksjon i selve strengen vil nok stoppe den. Hvis du derimot befinner deg i vakuum, tror jeg ikke du vil høre noen ting.

Comments are closed.