Rudirapport FRÅ DET NYE KOLLEKTIVET!

Tjohei! Me har no fått Internett i det nye kollektivet!

image

  • Sommeren: 7 veker jobbing, 5 dager Island, 2 dager Oslo. Kjem sikkert bileter osb. Eller kanskje ikkje.
  • Mye på pensum i år. Skal bl.a. skrive ein oppgåve om litteraturhistorieskrivning.
  • Eg liker den nye songen av Kaizers Orchestra “Philemon Arthur & the Dung”. Namnet er frå eit svensk band, som har ein kul historie og som har litt kul musikk.
  • I år er eg med i: HF-revyen (sjå eit klipp frå sist revy her), ei skrivegruppe og ei teatersportgruppe.
  • Har kjøpt meg instrument. Triangel. Følgte ikkje med pinne, så bruker saks når eg jammer.
  • Har til saman bore møbler gjennom Bergen 5 gonger til no. To turer med sofaer (2-seter og 3-seter), ein tur med seng, ein tur med spisebord og godstol og ein tur med stuebord og spisestoler. Puh.
  • Har mista “Balladen om Morgan Kane”-vinylen min :(
Posted in Rudirapport | Tagged | Leave a comment

Bok- og filmsommeren

(Er på linuxpc, gidder ikkje å ordne med bilete)

Youth in Revolt
Eg liker Michael Cera, men eg forstår at folk klager på at han er den same karakteren i alle filmer. I denne filmen spiller han to karakterer, to sider av seg sjølv. Filmen er ein ungdomsfilm om ein som må forandre seg sjølv for å nå fram til jenta han vil vere med. Det er ein litt smart ungdomsfilm, men langt i frå perfekt. Eg likte den godt.

I am Legend
Eg liker Will Smith, han er bra i alle filmer eg har sett han i. I am Legend handler om at han er den siste mannen i New York, og han må kjempe mot vampyr-aktige skapningar. Men heile filmen kunne godt vore Will Smith som kjemper for å leve aleine i byen.  Det finns ein “alternativ” slutt til I am Legend som er å finne som ekstramateriale. Den er mye betre enn den som eigentleg er. Grei film.

Prince of Persia
Heilt OK, eg fikk lyst til å spille  det gamle Aladdin-spillet då eg såg den.

Wolf Man
Gørrkjedelig film! Har sett dei gamle (som er kule som fy), men denne var berre skvip. Eg vurderte fleire gonger om eg heller skulle sove (medan dei andre såg på). Var rein viljekraft som holdt meg vaken. Eg burde få ein medalje.

Yes Man
Typisk Jim Carrey-komedie i moderne innpakning. Den var gøyal, men til tider litt slitsom. Trur kanskje eg har vokst i frå Jim Carrey-komedier? Lenge sia eg såg ein sist. Ein av dei gamle, altså.

The Surrogates
Science-fiction med Bruce Willis. Er sikkert eit par veker sia eg såg den, og eg hugser ikkje stort. Ikkje kva eg syns om den ei gong. Seier det noko om filmen? Eg veit ikkje. Kanskje.

The Yes Men Fix the World
Dokumentar av og om ei gruppe som gjere politiske stunt. Dei later som om dei er talsmenn for store firma og held konferanser, deltek i intervju, osb. Stuntsa dei gjere er konge (les om dei på wikipedia) – men sjølve dokumentaren er litt svak. Den er valdsam politisk og dei har laga ein form for rammehistorie som eigentleg er ganske kjip.

The Man from Earth
Har lenge unngått å sjå denne filmen i protest mot storebror som har pressa meg til å sjå denne filmen. Ga etter nylig, og var overraska. Dette er meir ein ide enn det er ein film. Det handler berre om ei gruppe folk som sitter i eit hus og prater. Diskuterer ein ide. Det er som å sjå ei bok, eller ei novelle. Greia er at ein av folka i huset påstår at han er fleire tusen år gammal. At han eigentleg er ein hulebuar som aldri døydde. Den er teknisk ganske dårleg, men det betyr ikkje så mye. Den prøver ikkje å vere ekte.

Inception
Konge action/thriller! Håper dette er starten av ei ny trend. Eg var kjempespent gjennom heile filmen, og likte slutten. Er sikkert ein rekke plothull eg ikkje la merke til, og når eg tenker over det nå var det ikkje alt eg heilt forstod – men då eg såg filmen var alt berre boller og brus!

Elephant
Gus van Sant. Uten at eg veit heilt kvifor så trudde eg at denne filmen handla om ein ungdom som måtte ta hånd om foreldra sine pga. dei var alkoholikarar. Før eg såg filmen, altså. Dei første 10+ minuttane passer veldig bra til denne skildringa, men plutselig planter filmen eit frø av uro i meg, og eg skjønner at det ikkje er det filmen handler om i det heile. Eg veit ikkje om det er spoiler å seie kva filmen handler om, men eg kan ikkje tenke meg ein betre måte å lage film om det. Filmen var ekte og drøy (kanskje på grunn av kvarandre). Handler om ein highschool i USA og elevar som går der. Eg må innrømme at eg måpte fleire gonger i denne filmen. Ekte måp.

Blood – the last Vampire
Vampyrfilm frå 2009 som er overraskende dårleg. Som om det var ein vits? Er halvveis asiatisk, men det meste er på engelsk. Eg kan ikkje forstå at dei valgte å lage ein så dårleg film.

Bøker:
Det tapte symbol
Dan Brown. Eg las Da Vinci-koden då den var ny, og likte den godt. Har ellers ikkje lese noko anna av Brown. Denne boka var grei å lese, gikk raskt, men merka meg ein del eg ikkje likte med ho. Samstundes øydela ikkje det eg ikkje likte nok til at eg la i frå meg boka, eg ville heile tida lese vidare. Altså: Grei bok med ulemper. Handler om konspirasjoner og spenning, osb. osb.

Catch-22
Amerikansk klassiker. Handler om andre verdenskrig, kan minne om MASH. Er skrevet ukronologisk på ein heilt spesiell måte. Du blir kasta inn i ein situasjon i ein leir, men historiar begynner og slutter rundt deg, du blir sakte men sikkert kjent med mange i leiren, deira forhold og morosame ting som skjer med dei. Ein vits kan begynne på ei side, og ha sin punchline 100 sider seinere, etter du har vore innom mange andre historier. Eg samna eit plot under første halvparten av boka, men fant etter kvart ut at det aldri kom. Sia boka var stor (kanskje litt for stor) tok det ei stund å lese den, men eg trur eg likte  heile boka ganske godt. Tviler på at eg les ho om igjen med det første då.

Stille dager i Mixing Parts
Eg trur Erlend Loe er lei av å skrive bøker. Denne boka slår meg som ein parodi, men eg er ikkje sikker på av kva. Den er i ein ganske ukonvensjonell stil, med ca. berre dialog og litt tanker innimellom. Bærer veldig preg av Loe, men er samstundes ikkje like lett å knytte seg til (for min del). Tok ikkje lange stunda å lese (lite tekst per side), og hadde nokon greie poeng – men vil eigentleg ikkje anbefale den om du ikkje allerede har lest anna av same forfattar.

Halvbroren
Lars Saabye-Christensen er ein kjempeflink fortellar. Dette er den første romanen hans eg har lese, og eg trur kanskje at eg burde ha avslutta med denne heller, for det virker som om han har lagt heile seg sjølv i den. Veldig bra bok. Han lager ein serie med bileter som han held seg tru mot gjennom heile boka, på mange forskjellige nivå. Men det blir aldri for mye, eg syns aldri at boka blei pompøs. Ikkje bli skremt vekk av storleiken på boka. Den slipper ikkje tak.

Posted in Bok, Film | Tagged | Leave a comment

Islandia!

Søndag 8. august reiser eg til Island, der eg skal henge med kompis-Erik til 13. august. Plan er: Couchsurfing, haiking, telting.

(f)Island

Sia eg er voksen no vil eg sende POSTKORT frå Island, men akkurat no har eg ytterst få å sende postkort til. Tenkte dermed eg skulle vere litt blogg.no-aktig og spør om det er nokon som har lyst på postkort? Post ein kommentar! Om dykk ikkje bruker same adresse som er på telefonkatalogen.no så må dykk sende den til meg på mail (rudi@peefy.net). Eller poste den som kommentar.

Ps: Sia Islandsturen er veldig lite planlagt kan det vere at det ikkje vil bli moglegheit for å sende postkort. Men det blir nok det. Eg vil gjere det.

Posted in Prosjekt, Rudirapport | Tagged , | 2 Comments

Heimtuntelegramma 5: Mars, april, mai

image

2008/2009 var eg eit år på folkehøgskule i Buskerud. Samstundes holdt eg nokon vevkamerater oppdatert om livet mitt. Eg har luka ut det meste som ikkje er relevant.

Continue reading

Posted in Heimtun | Tagged | Leave a comment

Heimtuntelegramma 4: Februar

image

Nest sist i serien med oppdateringer frå mitt år på folkehøgskule kjem “Heimtuntelegramma 4: Februar”! Har luka ut ein del som ikkje var relevant.

Continue reading

Posted in Heimtun | Tagged , | 1 Comment

Heimtuntelegramma 3: Januar

image

Notiser eg skreiv til vevkompiser, for at dei skulle sjå korleis eg hadde det uti ~~den store verda~~. Har luket ut ein del som ikkje var relevant (og kanskje noko som var litt personlig??). Trykk “Continue reading” for å lese meir.

Continue reading

Posted in Heimtun | Tagged | Leave a comment

Heimtuntelegramma 2: Oktober, november, desember

image

Medan eg var på folkehøgskule holdt eg Internettvenner oppdatert. Eg har fjerna det meste som ikkje er relevant. Dette er ikkje noko eg brukte mye tid på, som du kan sjå på både språk og valg av tema.

Continue reading

Posted in Heimtun | Tagged | Leave a comment

Heimtuntelegramma 1: August, september

image

Medan eg var på folkehøgskule (2008-2009) ga eg av og til oppdateringar til nokon internasjonale vev-buddies. Eg har luka ut det meste som var irrelevant eller internt, men noko han ha gått forbi sensuren. Dette er kanskje mest relevant for dei som var på Heimtun med meg. I slutten av kvar reflekterer RUDI2010 over det.

Continue reading

Posted in Heimtun, Minnebok | Tagged , | Leave a comment

Rudirapport 11.07.10

 8419c894f0eebc8a92267972078509e016b61b82

  • 3 av 7 uker jobba, snart halvveis. Er greit arbeid, og tida går fort. Trives godt!
  • Om Nederland vinner kampen får eg velge rom før Christoffer. Om Spania vinner får han velge før meg. I det nye kollektivet.
  • Har akkurat lese ferdig Catch-22 på 520 sider. Bautastein. Skal no begynne på Halvbroren – på 600+ sider. Den bør vere bra! (eg trur den er bra)
  • Skal til Island etter eg er ferdig med sommarjobben, nokon dager berre. Etter det er det rett på folkehøgskule-reunion, og så direkte til Bergen.
  • Har installert Linux (Ubuntu) på skule-PCen min. Har fått leike med det litt, fungerer veldig bra.
  • Dei som kjøpte leiligheita der me var i fjor meinte at me ikkje hadde vaska ut. Han hadde sagt til tidlegere huseiger at dei måtte vere to stk. ein heil dag for å få vaska det ut. Noko som er absurd, sia me vaska ut. Husmekler og gamle huseiger var begge i utlandet og hadde ikkje moglegheit til å sjekke korleis det var. Kjip situasjon. Me kom fram til noko (meg og tidlegere huseiger), men var absolutt ikkje gunstig for vår del – men eg er problemsky og han har vore veldig grei med oss tidlegere. Lekse lært: Ta bileter etter du har vaska ut.
  • Har høyrt oktober og november 2009 av radioresepsjonen no, godt i gang med desember. Skulle ønske eg hadde begynt medan dei endå var aktive. Skulle ha bidratt med sms og mail. Om noko nytt, kult begynner på radio må dykk seie ifrå!
Posted in Rudirapport | Tagged , | 1 Comment

RUDIS SPOTIFY-MIXTAPE #7

Eg er stort sett ikkje lei av denne musikken endå.

mix7

>> TRYKK HER FOR Å OPNE I SPOTIFY <<

  • Jónsi – Kolniður
  • Janelle Monae – Violet Stars Happy Hunting!
  • Dan Le Sac, Scroobius Pip – Letter from God to man.
  • Prodigy – Invaders must die
  • DDR – Hallo! Hallo!
  • Lou Reed – Perfect day
  • P!nk – Trouble
  • Aceyalone, RJD2 – A beautiful mine
  • Sammy Davis Jr. – Rhythm of life
  • Chubby Checker – Let’s twist again
  • Sinead O’Conner – Nothing Compares 2 U
  • Yoga Fire – Slepp Johnny fri
  • Wax Tailor – Que sera
  • Angelo Badalamenti – Llorando
  • David Bowie – Space oddity
  • Antiloop – Believe
  • Badfinger – Without you
  • Army of the Pharoahs (osb.) – Battle cry
  • Depeche Mode – Wrong
  • Johnny Cymbal – Mr. Bass man
  • Jannike Kruse – Til ungdommen
  • Cat Stevens – Father and son
  • Yolanda Be Cool – We no speak Americano
  • Anna von Hausswolff – Track of time

Tidlegere mixtapes osb.

Posted in musikk | Tagged | Leave a comment