RUDIS SPOTIFY-MIXTAPE #6

Oops! I det eg skulle til å poste min nye spotify-mixtape (i eit stadig forsøk på å validere musikksmaken min) fant eg ut at eg har glømt å poste den eg laga sist – i april!

Dette er altså ein ganske utdatert mixtape. Eg er ganske lei av dei fleste her. Nåja!

mix6

>>OPNE I SPOTIFY<<

  1. David Bowie – Changes
  2. Movits – Fel del av gården
  3. Morten Harket – Spanish steps
  4. Belle and Sebastian – Get me away form here, I’m dying
  5. Günter Kallmann Chor – Daydream (obs: dette er coverversjon, fant ikkje originalen på spotify)
  6. David Bowie – Amsterdam
  7. Bonzo Dog Doo Dah Band – I’m the urban spaceman
  8. Térez Moncalm – Mon Lonesome Cowboy
  9. Kaada – Across the Hardanger Mountain Plateau
  10. Neil Innes – How sweet to be an idiot
  11. Susanne Sundfør – The Brothel
  12. Thorbjørn Egner – Visen om vesle Hoa
  13. Pizzicato Five – Twiggy Twiggy/Twiggy vs. James Bond
  14. Steppenwolf – Born to be wild
  15. Glittertind – Norge i rødt, hvitt og blått
  16. Deadmau5 – Ghosts ‘n’ Stuff (Feat Rob Swire)
  17. Muse – Knights of Cydonia
  18. Amanda Jenssen – Happyland
  19. Katzenjammer – A bar in Amsterdam
  20. Moby – In this world
  21. Gatas Parlament – Grafitti Tidsreiser
  22. Glow – Mr. Brown

Sjekk og ut 1, 2, 3, 4 og 5! Tipper eg poster nummer 7 snart.

Posted in musikk | Tagged | 1 Comment

Hei mamma

image

I går, etter å ha spurt om ho burde joine twitter, sa mamma at eg måtte oppdatere bloggen (den travbanesida). Forslaget hennes var å skrive om sommarjobben.

Akkurat no er det ikkje så mye å seie. Me maler nokon raude trehus til den friske fargen “stone grey”. Karmane og døra skal vere “dusty grey”. Me har gjort det no i 4 dagar (er to hus som skal tas to strøk, ein del arbeid). I morgon har eg tatt meg fri for å reise inn til Bergen. Skal vaske utav leiligheita og forhåpentligvis flytte stasj over til den nye.

Medan me maler så prater me og høyrer på radioresepsjonen-podcasts. Postkasse postkasse postkasse. Jeps.

Posted in Jobb | Tagged | 4 Comments

Rudirapport 20+06=2010

deda024f68fdcb854b2461bf9e8a4f1c9a1963f9

  • Sommarferie! Greit semester, ikkje heilt nøgd med karakteren i språk, men littearturen gjekk bra.
  • Var på fjelltur nylig, sov under open himmel. Poster kanskje nokon bilder her??? Kven veit??? (Smakebit: 1, 2, 3, 4, 5, 6)
  • Løvås bruktbu i Stavanger er den beste butikken i verda. Kjøpte: Morgan Kane 3, Catch-22, Ulysses, Halvbroren, Best of The Onion
  • Begynner på jobb i morgon. I den lokale gruvedrifta. Vedlikehold. 7 veker. Blir kult!
  • Etter jobbinga skal eg vere ei lita veke i Island, før folkehøgskule-reunion.
Posted in Rudirapport | Tagged , | 1 Comment

Film og bøker

760c0a6c65c3fc3ff6667359a8bc9eba658be75f

Film:

Traffic in Souls (1913)
Første amerikanske film om seksualitet. Handlar om eit søsterpar, der den minste søstra blir kidnappa av nokon som driv eit horehus. Storesøstra bruker ein avlyttingsmaskin faren har oppfunne til å få bevis mot dei som driv horehuset. Er ikkje noko pornografisk, det verste er vel at nokon nesten blir piska (påkledd). Er eit stort persongalleri og mange subplots som er uinteressante. Ein måtte virkelig følge med i gamle dagar for å få med seg alt som skjer. Alt går bra til slutt. Jaja.

Casus kiran (Spy Smasher)
Tyrkisk. Flotte slåssescenar, musikkstil: hulter til bulter, laust samansatt plott og dialog som neppe blir betre av teksting på dårleg engelsk. Sjå klipp frå filmen her. Filmen er nøyaktig sånn. Dessutten så trur eg nokon deler av den mangler. Gøy film!

Kilink uçan adama karsi (Kilink vs. the Flying Man/Superman)
Endå ein tyrkisk film, nummer to i ein serie om Kilink, som er ein badguy i ein lite truverdig skjellettdrakt. Det at eg ikkje har sett den første i serien betyr ikkje så mye, sia dei første 20 minutta er første filmen i reprise (med kraftige kutt). Resten av filmen er 30 min, som og virker ganske nedkutta – då spesielt klimakset som berre er bytta ut med ein haug bilder og ein fortellerstemme. Klarte å følge plottet då, ikkje verst berre det. Trailer.

 

Bøker:

En colt til señorita av Louis Masterson
Då eg fant ut at eg skulle lese Morgan Kane var det bøker som denne eg venta. Trur at no begynner Kane å bli den karakteren han er kjent for. Boka var heilt grei. Tru om eg klarer å lese alle 80? Med 1 i måneden har eg vanskelig for å tru at eg ikkje går lei. Kanskje held dei koken.

Hærverk av Tom Kristensen
Murstein av ei bok. Dansk. Handler om ein kar, Jastrau, som har grei jobb og familie – men som drikker seg i frå alt. Omtrent med vilje. Jastrau er ein kul karakter, og han gjere mye kult og eg liker både miljø og situasjonar i boka – men den er så alt for lang. Alt som skjer er fyllekule etter fyllekule. Hadde boka vore 200 sider kortere hadde eg kanskje digga den.

Fred av Arne Garborg
Eg skal bli lærer og må ha lest ein del norsk litteratur. Dette er ein vanskelig bok. Den handler om ein bonde på jæren som har eit kjipt gudssyn som øydelegger han (og familien) fullstendig. Det er lange skildringar av naturen, noko eg ikkje klarar å følge med på. Eg visualiserer ikkje like raskt som eg les, og eg klarer ikkje å helde styr på alle skildringane. Det blir sagt ein del kult i boka, spesielt liker eg fantane, men hovudkarakteren er så usympatisk at den framleis er vanskelig å lese.

Posted in Bok, Film | Tagged , | Leave a comment

Tankespinn før eksamen: MARS-500

Ein er på sitt mest kreative før eksamen. Når eg blir kjent så skal det vere i sitatbøker. Eg tenker at eg kan poste nokon tankespinn i mine pauser frå lesinga.

I dag blei eg var noko som skjer i Russland nett no. 6 stk. menn skal bu i eit falskt romskip i 540 dagar (og 540 netter). Det er for å sjekke om det er mogleg før ein evt. Mars-reise. Dei skal leke at dei reiser til Mars. Det er til og med 20 min. falsk lagg i signaler sent ut og inn frå leikeskipet. I ein video kan du sjå sånn ca. korleis det ser ut, soveromma er omtrent som nyoppussa jakthytter, og det er stort sett liten plass. Folka er alle 30-40 år gamle og med god utdanning. Alle snakker enten engelsk eller russisk. Dei har datamaskin der.

Men kva, anna enn reint arbeid, skal dei gjere i 540 dagar? Ein kar sa at han skulle ta med seg ein gitar (hei). Min første tanke var at eg vil ha med ein pose chips. Men det er jo sjølvsagt berre ein vits. Min andre tanke var ein guide med bilder og kommentarar, gjengitt her:

image

Leik og moro:
Kortstokk er bra, men då må det nesten vere to kortstokkar. Ein kortstokk er ikkje nok til 6 stk, det blir berre ca. 8 kort på kvar, altså ganske små omgangar med presidenten (men til gjengjeld vil det vel vere tid til ein heil del av dei). Sjakk hadde heller ikkje vore dumt, men kanskje litt kjedelig i lengden med to russarar ombord. (No veit eg ikkje om det er ein stereotyp at russarar er gode i sjakk, men om det ikkje er det så burde det vel nesten det, og eg tek gjerne del i å styrke denne stereotypen.) Risk hadde nok berre ført til krangel og lusen stemning om bord.

 image

Teiknesaker
Eg veit ikkje korleis det er med teiknesaker der, anna enn på computer. Ark blir vel litt stress, bruker fort ein del av dei på 540 dagar. Ei tavle hadde nok då vore betre, men då er det kritt (eller tusj) som ein må pakke i pose og sekk. Eit godt alternativ er kanskje dei magnettavlane for barn. Dei kan du viske, og dei bruker jo ikkje noko blekk. Men det er vel kanskje litt flaut – og det kan jo vere at dei ikkje fungerar i null gravitet? (Gravitet vil jo ikkje vere noko problem i dette prosjektet då dei vil vere på jorda heile tida, men sia dette er eit prøveprosjekt for ein faktisk Mars-reise ville det vore skummelt å ta med noko som ikkje ville fungert i praksis. Tenk om den magnettavla var det eineste som holdt dei i sjakk?)

 

image

Musikkinstrument
Han eine karen ville ta med seg ein gitar (som eg skreiv tidlegere, hei der oppe!) Det er jo ikkje dumt med instrument, men då må ein nesten kunne spele det frå før. Litt dumt å lære seg eit instrument i eit knøttlite romskip, i eit ekspriment for å sjå kor lenge ein kan leve saman uten å gå fra vettet. Graviteten spiller vel og ei rolle her, trur eg. Eg tok kontakt med nokon eksperter på området, men har ikkje fått noko svar.

 

image

Konklusjon:
Då eg alt har eliminert alt anna (joho), sitter me igjen med sprettballen (joho). Den er liten (passer bra til det lille skipet) og den er gøy.

Motargument: Ein sprettball vil ikkje fungere i nullgravitet.

Mot-motargument: Fuck you, i nullgravitet er alt gøy.

Tjohei. Det er ugudelig å lese til eksamen 1:00 natt til laurdag. God natt.

Posted in Observasjon | Tagged | 5 Comments

Skolewiki

Mine gode venn Tore Hest har lagt ut historien til eit nettstad som eg var med på – dvs. han drog dei tyngste lassa. Eg var med i grunnlegginga, men etter det var eg meir bidragsyter enn webmaster. Sida blei aldri veldig stor, men den blei lenka til av bl.a. Cappelen Damm og norske Wikipedia. Tenk.

Eg designa og logoen, med kjip stilistisk orddeling. Her er nokon forslag eg hadde (som heldigvis blei nedslått):

image

For å sjå korleis logoen blei og lese meir om SkoleWiki, sjekk ut Tore sin oppsummering på Bardunen.net.

Posted in Minnebok, Prosjekt | Tagged , , | 1 Comment

Film og bok sia sist. Knapt.

Whoops, er ei stund sia sist no, men såvidt eg kan sjå har eg knapt sett film eller lest skjønnlitteratur. Jøss.

space_angel04

Star Wars episode 1
Uff, eg skulle ønskje at dei heller laga ein film i stilen til Star Wars 4-6. Dette er ein heilt OK film. Det er ein del som ikkje funker, men eg hadde ikkje noko mot å sjå den.

The Ghost Writer
Denne filmen handler om ein kjent type som skal ha gjort noko ulovelig, og Edward McGregor spiller ein som jobber for han. Hm! Roman Polanski as. Heilt ok film, spennende til tider men ikkje mye meir enn ein vanlig påskekrim. Pierce Brosnan er sjef, som alltid. Og McGregor.

Bøker:

Morgan Kane – El Gringos hevn
Tjohei! Pang pang! Dette er boka der Morgan Kane blir øydelagt for livet. No skal eg snart bli kjent med den ekte Morgan Kane. Jeps.

Regines bok. En ung jentes siste ord.
Kjøp denne boka og les den. Leste boka frå perm til perm på ein kveld. Kort sagt var Regine ei ung jente som fikk kreft og bestemte seg for å blogge om alt saman. Etter kreften tok ho gav dei ut bloggen i bokform, saman med noko andre tekster om og av ho. Om andre hadde vore like reflektert og open som ho var hadde verden vore eit betre sted.

Posted in Bok, Film | Tagged , | Leave a comment

Fleire TUSEN ORD frå livet mitt

Stasj eg har posta på twitter via mobilen.

HYLLA PÅ ROMMET:

image image image image

TILFELDIGE TEIKNINGAR FRÅ NOTATBOKA EG HAR PÅ PULTEN:

image image image image image

MATBOKSEN MIN:

image

HARDT PENSUM (+ bilde frå ark eg arbeida med)

image image

Posted in Rudirapport | Tagged | 3 Comments

Twitter

Eg tenkte eg kunne slå eit slag for twitter. Kva er twitter? Tenk ein tjeneste som berre er statusoppdateringar frå facebook – og då stort sett uten apps/osv. Ein kan berre poste tekst og lenker, og maks 140 teikn. Dei som laga twitter tenkte at det skulle vere som SMS over Internett. Tja. Twitter er kanskje litt over-hypa i media sia det strengt talt ikkje er mange i Noreg som bruker det (i forhold til facebook o.l.) – men det er framleis verdt å sjekke ut, og her er kvifor!

image

(Obs: Stoltenberg følger 25979 stk. på twitter)

Hovudargumentet dei fleste har mot twitter er “eg bryr meg ikkje om kva andre et til frukost” – altså at det er poenglaust å sjå kva alle andre driver med heile tida. Eg er heilt einig, og det er ikkje det twitter handler om. Du velger sjølv kva du vil tvitre, det er mange som berre følger med på andre, og dei fleste tvitrer meir kva dei tenker enn kva dei gjere.

Sjølv om ingen du kjenner bruker twitter er det mange fordelar. Du kan ta direkte kontakt med kjendisar. Det er mange kjente som bruker twitter, sia det er ein grei måte å få merksemd på og ein bra måte å prate med fans på. Om du leiter etter ein kjendis er det berre å google namnet + twitter, eller sjekke vevsider som lister opp dei mest populære, til dømes WeFollow.

Eit utvalg av dei norske eg følger:
- Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg
- Espen Eckbo
- Thomas Giertsen
- Erlend Loe
- Aslak Borgersrud (frå Gatas Parlament)
- Are Kalvø
- Lars Monsen (som har tatt seg ein twitter-pause)

Og nokon engelske:
- Arrested Development: Jason Bateman, Ron Howard og Will Arnett
- Tom Hanks
- Conan O’Brien
- Shaun of the Dead/Spaced/Hot fuzz: Simon Pegg, Nick Frost og Edgar Wright
- Bill Gates
- Arnold Schwarzenegger
- Stephen Fry
- David Lynch
- Nathan Fillon
- Carrie Fisher
- Adam Savage (frå Mythbusters)

Og mange fleir! Ikkje alle er like gode til å oppdatere, og nokon gjere det berre for å reklamere (t.d. Are Kalvø). Nokon, som John Cleese, har assistentar som gjere det for seg – sjølv om dei får beskjed om kva dei skal skrive. Dei beste er dei som poster ein del sjølv. Eg vil her bruke Erlend Loe som eksempel:

Trist at "ellevilt" hele tiden brukes om de dårligste filmene. Så nettopp Olds Dogs. Avskyelig. Null ellevill.

Et helikopter kom da jeg løp i skogen idag. Lot som om det var ute etter meg. Økte farten og sneiet stammene. Kom meg unna.

Noen ganger når jeg løper, anmelder jeg egne uskrevne bøker. Makeløs Loe! Hvor tar han det fra? Føles som en uvane.

Pappa, hvis Peterskirken raser sammen, tror du paven tar selvmord? Jeg sa jeg ikke hadde tenkt over saken, men at det ikke kan utelukkes.

Barnehageanekdote: Martin har tatt på Noahs øye. Mens det var åpent. Rett på.

Det er og ein del institusjonar og program ein kan følge. Dei fleste store vevsider har eigen twitter som dei poster alt nytt på. Eg liker godt språkteigen sin twitter.

Twitter er og ganske enkelt å få til. Det er mange klienter til mobiltelefonar, eg bruker Twim. Twim trenger ikkje ein veldig moderne telefon, men du kan framleis sende bilder og filmer til twitter via det. iPhone har også ein heil haug gode klientar trur eg.

Til dykk som kjenner meg, har twitter, men ikkje følger meg – legg meg til! (eg har og ein engelsk konto). Om nokon av dykk frå Heimtun (kull 08/09), sjekk ut min Heimtun-liste.

Posted in Rudirapport | Tagged , | 1 Comment

Sinéad O'Connor er modig

Sjå heile!

Frå Wikipedia:
Saturday Night Live had no foreknowledge of O’Connor’s plan. NBC had declined to rebroadcast the sequence, instead showing footage from the dress rehearsal where O’Connor holds a photo of an African child before bowing and leaving the stage.

Kort tid etterpå skulle ho fremføre i ein Bob Dylan hyllestkonsert:

 

Ps. takk til |zD| for tipset.

Posted in musikk, youtube | Tagged , , | 1 Comment