Woody Allen, nokon kortfilmar, Avatar og meir

Annie Hall Woody Allen frå Illustrators 45-cover
Eg såg Vicky Cristina Barcelona i fjor. Eg blei skuffa, det var ikkje sånn eg hadde sett for meg ein Woody Allen-film. Annie Hall var ein god trøst. Fin historie, ikkje redd for å leke med mediet og morsom. Verdt å seie: Christoffer Walken og Jeff Goldblum har små roller.

Independence Day
Eg likar:
– Will Smith
– Science Fiction
– Independence Day

Avatar 3D
Eg likte Avatar. Eg forstår all kritikken, men då eg såg filmen kjende eg at eg ikkje brydde meg i det heila om klisjear osv. Og dette er fyrste filmen som brukar mye spesialeffekter, men som eg ikkje merke noko til dei. Eg visste jo at dei var der, men eg kunne ikkje sjå det. 3D-en fungerte ikkje, eg skrive nok ein post om det seinare.

Scandal Sheet
Ein film noir, men ganske kjedeleg. Ein får vete kven skurken er i byrjinga. Det er ikkje ein fast hovedperson (men fleire ulike, som finn litt spor her og der). Eg likar 50-talls språket og stilen, men ikkje nok til å anbefale filmen.

Elvis Stories
Kortfilm, interessant fordi: Regi av Ben Stiller, i filmen er også Mike Myers, John Cusack, Jeremy Piven (frå Entourage) og Stiller sjølv. Alt før dei blei kjente. Dårleg fordi: Det er ein samling sketsjar der punchlinen er “Elvis-fanatikere er rare.”

Mean Girls
Eg låg og skulle sova då eg bestemte meg for at  eg skulle skru på TVen, og om det var ein film som akkurat byrja så skulle eg sjå han uansett kva det var. Akkurat då byrja Mean Girls. Jaså. Eg trudde at det var ein American Pie-aktig film. Det var feil. Filmen var heilt OK, mykkje bere enn det eg ville tru. Og ho som blir drept i Veronica Mars var med.

Pierrot in Turquoise or The Looking Glass Murders
Kortfilm med David Bowie. Utruleg sær. Pantomimar, kulissane var gardintrappar. Ein sex-scene bestod av to karakterar som rulla rundt oppå kvarandre (påkledd). David Bowie satt i ei av gardintrappane og sang. Songane var bra, resten trur eg er for dei som er spesielt interesserte.

Up in the Air
”Latar som om han er ein romantisk komedie, er det ikkje. Bra film.” Var min fyrste reaksjon, og heile 24-timar seinare så er eg endå einig med meg sjølv.

Naiv. Super.
Fyrste bok eg les som del av pensum (sjølv om eg har lest den før). Bra start, eg likar Loe. Trur ikkje eg trenge å seie noko om denne, om du ikkje har lest den så gjer det. Sjølv om du ikkje leser bøker, kanskje spesielt om du ikkje gjer det.