Stieg Larsson og Milleniumtrilogien

Eg fekk Stieg Larssons Milleniumtrilogi, dvs. “Menn som hater kvinner”, “Jenta som lekte med Ilden” og “Luftslottet som sprengtes” av brørne mine til jul. Eg hadde på førehand sett den fyrste filmen, og likte den godt.

Den fyrste boka var veldig lik filmen, og eg hugsa det meste mens eg leste den – men det var framleis spennande. Omsetjinga trur eg var dårlig, den brukte ‘repliserte’ i plassen for ‘svarte’, og eg trur ikkje me kan seia “klokken to om morgenen” på norsk.

Noko som var litt teit gjennom heile serien var korleis han beskreiv datascenar. Han har med banale detaljer, og forklarar kva for nokre programar som blir brukt, og seier kvar gong dei går inn på google (ellar <http://www.google.com> som han skrivar). Det er litt tullete.

Bok 2 kom treigt i gong, mens bok 3 begynte der bok 2 slutta. Nokon (hei!) sa at bøkene hadde fått kritikk for at dei hadde med mye unødvendig stoff, og det er heilt sant. Kvar gong ein ny karakter er introdusert så kjem heile bakgrunnshistorien – det same gjeld når organisasjonar og klubbar er nevnt. Litt info er greit, men til tider blei det veldig mye, mot slutten så kunne eg se nøyaktig når dei om, og skumlese akkurat dei delane.

Det som eg reagerte mest på – kanskje utan grunn, for det er vel eigentleg ikkje noko gale med det – var at det for meg virka veldig tydeleg at Stieg Larsson levde ut ein fantasi gjennom bøkene. Sjølv er han eigar av ein tidsskrift, journalist osv., akkurat som Mikael Blomquist i bøkene. Og han var ca. same alder. Og det er greit, det er naturleg å ta utgangspunkt i deg sjølv og skriva om noko du kan.

Men så visar det seg at Mikael Blomquist er ein uvaneleg dyktig journalist, som gjere det eine store scoopet etter det andre. Og så visar det seg at han har ei spesiell forføringskraft som er vanskeleg å forklara. Og så har han sex med nesten alle. Og han er flink i senga, det blir alltid forklart av damene (som likar å diskutera han). Eit kapittel i bok 2 består av Mikael som har sex med ei dame, mens Lisbeth har sex med ei anna (eit anna sted, klart). Det er heile kapitlet. Det kan vera at eg er ute på viddene, men det virkar for meg som om han har fantasert og drøymt, og så gjort bok ut av det. Eg venta nesten bare på kapitlet kor han snakkar om kor lang tissen er (spoiler: det var ikkje noko slikt kapittel, heldigvis.)

Eg trur eigentleg eg gjere noko stort ut av ingenting, og hadde eg ikkje byrja å tenkja sånn så hadde eg nok ikkje reagert noko på det. Det er vel eigentleg OK, men eg likar ikkje tanken. Det er som om eg lese noko privat og flaut, mens det eg vil lesa er spenninga og krimmen – som var til tider veldig bra.

Samla karakter: 4