Utdrag frå Tarjei Vesaas’ “Fuglane”

The Power of Books by Mladen Penev

Fyrst litt info frå Wikipedia:

Fuglane er en norsk roman skrevet av forfatteren Tarjei Vesaas og utgitt i 1957. Boka regnes som et av Vesaas´ hovedverk, og var representert i verket Norges nasjonallitteratur fra 1968 som én av 32 romaner.

 

Han såg lett i auga hennar. Samstundes bøygde han hemmeleg den venstre armen og lét skjorte-erma sprekke med eit lite brak. Den glatte runde veldige arm-muskelen skein i sola, og like framfor andletet hennar.
– Dette er ingen ting å bry seg om, sa han roleg, eg har skjorter nok.
– Var det keiva óg? spurde ho opp i under.
– Å ja, sa han og slo det bort, den høgre erma har gått i filler for lenge sidan.
Ho sa ikkje meir, var så gripen av synet at ho hadde ikkje fleire ord.