BØKER og FILMER

Jess, lite nytt i det siste. Her er eit raskt innlegg (uten ordbok).

Stompa&Co
Då moglegheiten til å sjå Stompa på kino viste seg så kunne eg ikkje seie nei. Eg må ha vore ganske aleine i den røynsla, for me var berre to i kinosalen (meg og ein kompis). Synd, for filmen var kanon. Ikkje berre var det “gammeldagse” sjarmerande, men også nokre av vitsane var bra. Eg leste bøkene på barneskulen, og hugsa faktisk ein del i frå dei. Lektor Tørrdal var ikkje som eg hugsa han, på ein god måte.

The Searchers
Med John Wayne! Såg denne også på kino. Var som ein episk, klassisk western. Indianerane var veldig onde, det var mye “typisk” western, men samtidig så var alt så storslått. Gigantiske områder, store kampar, veldig bra visuelt, osv. Bra film, og sylvester stallone glassesJohn Wayne er veldig kul i den. Eg har sett ein del gamle John Wayne filmar, som var ein del mer cheesy, og i dei så kjente eg ikkje igjen stereotypen “John Wayne”. Det gjorde eg i denne.

Rocky
Har sett den før, men framleis en kanon film. Rocky er ein kul type. Eg burde vore Rocky.

Creepshow
Skrevet av Stephen King (som også spiller ein ganske stor rolle) og regissert av George A. Romero. For vår generasjon så minner denne filmen mest om Grøsserne (som nok henta ein del inspirasjon i frå den). Det er 5 historier, som alle er herlig cheesy, og med vittige praktiske effekter. Leslie Nielsen har ein kul rolle, og også han hovedpersonen i Cheers.

Moon
Fantastisk, ny sci-fi! Og det er ikkje ofte! Om du har sett (eller veit noko om) 2001, så kan du se for deg Moon som noko liknande – berre uten det surrealistiske. Den handler om ein mann som jobber aleine på månen, og som berre har ein datamaskin å snakke til. Det høyres klisje ut, men filmen klarar å unngå alle klisjear og berre vere veldig god.

Das Cabinet des Dr. Caligari
Stumfilm, regnes som fyrste skrekkfilm og inspirasjon for mange. Bl.a. Tim Burton har tydeleg henta ein del i frå denne. Men eg trur ikkje eg er godt nok vant med stumfilmar til å få fult utbytte av denne, eg gjekk lei fleire gonger, og kjedet meg ein del. Kanskje best for dei spesielt interesserte?

Plan 9 from Outer Space
Ed Wood! Dette er den mest kjente filmen av Ed Wood, og eg må seie at den var bere enn ryktet sitt. Den blir ofte regnet som den dårligste filmen nokon gong laga, men sjølv då han kom ut så må han ha vore morsom? Eg har blitt fortalt at den er usamanhengande og uforståeleg, men det er feil. Det er eit klart plot, om kanskje det ikkje er så bra. Eg var nøgd med den uansett. Det burde vore fleire som Ed Wood.

 

 

Mennesket og Maktene
Av Olav Duun. Jess. Fram til slutten av boka så var eg veldig(!) negativ til den. Den var kjedeleg og langtrukken. Den forteller historien til ei gruppe folk som bur på ei øy, person for person, alle som har noko i fortida si. Men så kom slutten, og den var kanon, og på ein måte så gjorde den resten av boka verdt det. Slutten ville ikkje vore like bra uten resten av boka, og på den måten så er liksom alt ok.

Fuglane
Av Tarjei Vesaas. Den gamle norsklæreren min sa denne boka var kjedeleg så eg hadde lave forventingar, og kanskje derfor blei eg overaska over at den faktisk var ganske grei? Boka handler om Mattis, som er ein “tust”, altså han er dum. Han klarar ikkje å helde på jobb, og han er ofte fanga i sine egne tankar. Boka er både trist og vakker, og det er fascinerande å følge Mattis sin tankeprosess. Det er vanskeleg å ikkje bli gla i han.

Martin Bircks ungdom
Av Hjalmar Söderberg. Ei bok om livet til “Martin Birck” som veks opp i siste halvdel av 1800-talet. Eg har lust til å seie at denne boka er veldig svensk, men eg kan ikkje forklare kvifor. Martin Birck er i begynnelsen ein uskuldig liten kar, og veks etter kvart opp til å bli ein undrande og tenkande mann – og heile livet er han ein som drømmer. Hm. Likte eg denne? Eg trur det. Det gjekk ganske fort då, eg leste nesten heile boka i eit strekk, og ikkje akkurat frivillig (var litt seint ute, kan du seie).

1 comment

  1. Rocky rocks, as does the moon, beyond that I couldn’t make anything up out of your foreign language.

    Leslie Nielsen you as well, by the way.

Comments are closed.