Fok bilm!!

image

Armadillo
Veldig bra dokumentar, men den sjokkerte meg ikkje. Eller dei eg såg den med. Den bekrefta heller synet eg alt hadde på krigen, korleis det er der nede, korleis dei har det, osb. Frister ikkje. I filmen så gjere dei noko som eigentleg ikkje er greit, men sia filmen fører deg såpass inn i situasjonen som den gjere, så forstår du det. Hadde det vore ei nyheitssak eller noko som eg hadde blitt fortalt så hadde eg nok raskt dømt, men du skjønner at dei gjere som dei gjere, og at det hadde vore rart om dei hadde gjort noko anna. Men konklusjonen er altså at krig suger. Ps. har nokon sterke scener. Du får sjå folk døy. 🙁

The Man who knew too much
Klassisk Hitchcock for dei som liker klassisk hitchcock. Ikkje den beste filmen hans, men framleis kul. Eg dropper å skrive om filmen og forklarar heller Hitchcocks “bombeteori”: Se for deg 2 stk. som sitter med eit bord og prater om baseball. Ein eksplosjon går av, og publikum skvetter. Kanskje 15 sekunder med spenning? Hitchcock har ein anna måte å gjere det på. Han viser først publikum at det er ei bombe under bordet, så kjem karakterane og snakker om baseball. Då vil publikum bli urolige “Ikkje snakk om baseball, det er ei bombe under bordet!” Publikum vil bli meir og meir urolige fram til dei nesten har fått nok, og då kjem klimakset. Bra fortellerteknikk, syn eg. Obs: Dette skjer ikkje i filmen, er berre noko eg kom på.

Lonely Hearts
Skuffende film som handler litt om svindlarar og litt og politiet som skal ta dei. Blir litt mye fram og tilbake, eg hadde likt betre om det handla om politiet sin oppklaring av saken. Kul setting, då. Gamledager.

The Birds
Flott grøsser(?) av Hitchcock. Hadde vore fantastisk å sett den då den var ny, sjølv om den endå er imponerande.

Synnøve Solbakken
Svensk stumfilm frå 1919. Svenskane har laga 3 filmer basert på denne boka, medan me har ikkje laga nokon. Denne var bra, då. Spesielt om ein har lese boka. Sjølvsagt veldig spesielt med korleis dei gjorde ting før i tida, korleis han slemme ser nærmest djevelsk ut, og korleis hovudpersonane er klart eldre enn dei andre som skal vere på same alder. Beste delen av filmen er då dei viser eit Haugianermøte heilt likt som i biletet Haugianerne.

Bøker:

Soger
Eg har lese ein del av sogene i Heimskringla (Snorre). Har og lese Soga om Gisle Sursson. Er veldig stiv og tørt, men samstundes er det bra lesestoff. Blei litt mye på ei gong å lese heile Heimskringla, men eg gleder meg til å ta opp igjen boka der eg slapp. Gisle Sursson var og veldig grei å lese, men ein må nesten ha fotnoter å sjå til pga. dei rare skikkane dei hadde.

Mysterier
Bok av Knut Hamsun som er nesten heilt fantastisk, men så syns eg at den øydelegger litt med å vere litt politisk til tider (det er nokon politiske samtaler i boka som forstyrrer/kjeder meg meir enn dei gjere noko med historien) – og det er og nokon drøyme/tanke-sekvenser og dreg litt. Men hovudpersonen og alt han gjere, og måten han gjere det på, og måten det er fortalt på, er heilt fantastisk. Det handler på ein måte om ein avstandsforelskelse, men samstundes er det ikkje så mye avstand heller. Men den handler og veldig om mennesker og mysterier og og og og og osb. Bra bok!

Waiting for Godot
Skodespel av Samuel Becket, veldig kjent blant teaterfolk. Det er ganske morosamt, men er eit surrealistisk stykke, så er litt slitsomt og av og til (kanskje?). Handler om to karar med bowlerhatt som venter på Godot. Og medan dei venter så prater dei, og så kjem og går nokon folk. Bra plot, ikkjesant?

Til lykke med dagen
Skodespel av Jens Bjørneboe. Eg har ikkje lese “Den Onde Hyrde” som dette er basert på, men stykket minna ein del om Semmelweiss, eit anna stykke av Bjørneboe. Trur han bruker litt “same teknikkar” for å få fram poenget sitt. Men Semmelweiss er ein del betre. Var nokon morosame sitat i dette då. Er litt absurd til tider.

For en neve pesos
Tjohei, Morgan Kane er Morgan Kane. Boka slutter midt i historien då, og eg har ikkje neste bok. Dette er bok 9, og eg har berre 11 og 12. Dilemma! Men kan bestille online.

Synnøve Solbakken
Av Bjørnstjerne Bjørnson. Bra bok! Faktisk! Hadde venta noko ganske kjedelig, i og me at me heile tida får høyre på litteraturstudiet at Bjørnson ikkje er noko særlig no lenger, anna enn som offentlig figur. Boka er lita, enkelt lagt opp, men forteller ein fin historie og har nokon ganske fine scener, t.d. ein fars reaksjon på at guten er skada.