Mitt daglege brød

bilde av meg, 20 år 
Eit brød, takk! (bildeopphav: ukjent)

Dei siste vekene har brødvanane mine modna 15 år. For perspektiv, her er matvanane til Rudi 5-17 år:

  • Komplett liste over ting ein kan ha på brødet: Ost (to skiver), salami, sjokolade- og nøttepålegg, syltetøy, leverpostei, agurk, servelat (skjelden), egg (veldig skjelden)
  • Alle skiver (uten unntak) er doble – dvs. skive + pålegg + skive.
  • Alle skivene er tykke (fagord: blingser).
  • Ca. aldri smør.
  • Ca. aldri meir enn eit pålegg på ei gong (unntak: Ost og servelat, ost og agurk, leverpostei og agurk)
  • Optimale måltid: To tykke skiver med to skiver ost i mellom (uten smør).

Rundt 17-20-års alderen byrja eg å spise skiver enkle. På høg tid. Eg vil gjette at mine brødvaner var omtrent som dei til ein åtteåring.

Men no har alt endra seg. Et eksempel på kva eg kan ha på skiva no:

Skive + smør + kokt skinkepålegg + ost + agurk + paprika

Alle skivevanene mine er snudd på hovudet!

Eg arbeider meg også gjennom dei forskjellege fiskepåleggane.
Makrell i tomat – Makrell god, tomat ikkje
Makrell  i salsa – Makrell god, salsa ok
Kryddra laks i olje – Bra!
Peppra makrell i olje – Godt.
Kaviar: Veldig kraftig smak, eg smurte på som om det var leverpostei. Greit i små mengdar.

Om dykk har nokre spørsmål ang. mine brødvanar så er nok no den beste sjansen dykk har.

6 comments

  1. Har du også begynt å seie pålegg til alt som er på skiva no. Pålegg er jo kjøtt som er kutta i tynne skivar, og sorterast bare etter formen. Ex. Firkanta pålegg, Rundt pålegg.

  2. Kjetil, du har sjølvsagt heilt rett. Her er eit revidert samandrag på Ekte Norsk:

    I det sista så heg eg fått heilt nye matvana. Før konne eg bare spisa ost (to sjeve), pålegg (nåen typa), nogatti (å liknanne), syltetøy, levarpostei, agork å egg. Alt måtte vær dobbelt, å bare kjokke sjeve. Alri smør eller mer enn ein ting på om gångo. Det vanligaste va to kjokke sjeve med ost. Uden smør.
    Ittekvert bjynte eg å spisa enkle sjeve.

    Nå he ting foranra seg, nå kan eg ha:
    sjeva + smør + pålegg + ost + agork + paprika

    Eg arbeide meg au jønom alle fiskegreie som eg kan ha på sjevo. Konklusjon: Tomat suge, fisk går greit.

  3. Det kan være mulig jeg har spurt før, men jeg må spørre nok en gang:
    Hvorfor er jeg kokk? Er det bare helt tilfeldig, eller ser du på meg som en storpisende god kokk?! 😛 hihi^^

Comments are closed.