Det er ikkje mye snø på fjellet denne påsen. På bildet ser du at stein og lyng spretter opp blant snøen, sånn var det stort sett over heile fjellet. Ps. den andre skistaven min ligger ved siden av kameraet.
På Knaben, der hytta vår er, pleide det å være aktiv gruvedrift. Dei slutta rundt 70-tallet (trur eg), men gruvebygga står endå. Det er ein del sprekkar og hål i bygga, så me tok ein kikk.
Me fant ein sprekk stor nok til å krype inn i. Der inne var det ein del materiale som var ganske nytt. Me konkluderte med at dei nok har drevet med nokre testar.
Me fant ut i ettertid at det no er aktiv drift der igjen. Teknisk sett så gjorde me altså eit innbrudd – men me tok ikkje noko, og lot alt vere som det var. Så trur det går greit.
På skituren dagen etterpå så passerte me ein inngang i fjellet. Det var is på bakken, og sia me ikkje visste om det var ei nedover-gruve så turte me ikkje å gå langt ut på isen. Men ein liten tur rundt om der inne blei det.
Ellers blei det grilling og fin skitur, til tross for ganske kjipe forhold. Tjohei!
Grei påske!
God påsk, sjø.