Bok- og filmsommeren

(Er på linuxpc, gidder ikkje å ordne med bilete)

Youth in Revolt
Eg liker Michael Cera, men eg forstår at folk klager på at han er den same karakteren i alle filmer. I denne filmen spiller han to karakterer, to sider av seg sjølv. Filmen er ein ungdomsfilm om ein som må forandre seg sjølv for å nå fram til jenta han vil vere med. Det er ein litt smart ungdomsfilm, men langt i frå perfekt. Eg likte den godt.

I am Legend
Eg liker Will Smith, han er bra i alle filmer eg har sett han i. I am Legend handler om at han er den siste mannen i New York, og han må kjempe mot vampyr-aktige skapningar. Men heile filmen kunne godt vore Will Smith som kjemper for å leve aleine i byen.  Det finns ein “alternativ” slutt til I am Legend som er å finne som ekstramateriale. Den er mye betre enn den som eigentleg er. Grei film.

Prince of Persia
Heilt OK, eg fikk lyst til å spille  det gamle Aladdin-spillet då eg såg den.

Wolf Man
Gørrkjedelig film! Har sett dei gamle (som er kule som fy), men denne var berre skvip. Eg vurderte fleire gonger om eg heller skulle sove (medan dei andre såg på). Var rein viljekraft som holdt meg vaken. Eg burde få ein medalje.

Yes Man
Typisk Jim Carrey-komedie i moderne innpakning. Den var gøyal, men til tider litt slitsom. Trur kanskje eg har vokst i frå Jim Carrey-komedier? Lenge sia eg såg ein sist. Ein av dei gamle, altså.

The Surrogates
Science-fiction med Bruce Willis. Er sikkert eit par veker sia eg såg den, og eg hugser ikkje stort. Ikkje kva eg syns om den ei gong. Seier det noko om filmen? Eg veit ikkje. Kanskje.

The Yes Men Fix the World
Dokumentar av og om ei gruppe som gjere politiske stunt. Dei later som om dei er talsmenn for store firma og held konferanser, deltek i intervju, osb. Stuntsa dei gjere er konge (les om dei på wikipedia) – men sjølve dokumentaren er litt svak. Den er valdsam politisk og dei har laga ein form for rammehistorie som eigentleg er ganske kjip.

The Man from Earth
Har lenge unngått å sjå denne filmen i protest mot storebror som har pressa meg til å sjå denne filmen. Ga etter nylig, og var overraska. Dette er meir ein ide enn det er ein film. Det handler berre om ei gruppe folk som sitter i eit hus og prater. Diskuterer ein ide. Det er som å sjå ei bok, eller ei novelle. Greia er at ein av folka i huset påstår at han er fleire tusen år gammal. At han eigentleg er ein hulebuar som aldri døydde. Den er teknisk ganske dårleg, men det betyr ikkje så mye. Den prøver ikkje å vere ekte.

Inception
Konge action/thriller! Håper dette er starten av ei ny trend. Eg var kjempespent gjennom heile filmen, og likte slutten. Er sikkert ein rekke plothull eg ikkje la merke til, og når eg tenker over det nå var det ikkje alt eg heilt forstod – men då eg såg filmen var alt berre boller og brus!

Elephant
Gus van Sant. Uten at eg veit heilt kvifor så trudde eg at denne filmen handla om ein ungdom som måtte ta hånd om foreldra sine pga. dei var alkoholikarar. Før eg såg filmen, altså. Dei første 10+ minuttane passer veldig bra til denne skildringa, men plutselig planter filmen eit frø av uro i meg, og eg skjønner at det ikkje er det filmen handler om i det heile. Eg veit ikkje om det er spoiler å seie kva filmen handler om, men eg kan ikkje tenke meg ein betre måte å lage film om det. Filmen var ekte og drøy (kanskje på grunn av kvarandre). Handler om ein highschool i USA og elevar som går der. Eg må innrømme at eg måpte fleire gonger i denne filmen. Ekte måp.

Blood – the last Vampire
Vampyrfilm frå 2009 som er overraskende dårleg. Som om det var ein vits? Er halvveis asiatisk, men det meste er på engelsk. Eg kan ikkje forstå at dei valgte å lage ein så dårleg film.

Bøker:
Det tapte symbol
Dan Brown. Eg las Da Vinci-koden då den var ny, og likte den godt. Har ellers ikkje lese noko anna av Brown. Denne boka var grei å lese, gikk raskt, men merka meg ein del eg ikkje likte med ho. Samstundes øydela ikkje det eg ikkje likte nok til at eg la i frå meg boka, eg ville heile tida lese vidare. Altså: Grei bok med ulemper. Handler om konspirasjoner og spenning, osb. osb.

Catch-22
Amerikansk klassiker. Handler om andre verdenskrig, kan minne om MASH. Er skrevet ukronologisk på ein heilt spesiell måte. Du blir kasta inn i ein situasjon i ein leir, men historiar begynner og slutter rundt deg, du blir sakte men sikkert kjent med mange i leiren, deira forhold og morosame ting som skjer med dei. Ein vits kan begynne på ei side, og ha sin punchline 100 sider seinere, etter du har vore innom mange andre historier. Eg samna eit plot under første halvparten av boka, men fant etter kvart ut at det aldri kom. Sia boka var stor (kanskje litt for stor) tok det ei stund å lese den, men eg trur eg likte  heile boka ganske godt. Tviler på at eg les ho om igjen med det første då.

Stille dager i Mixing Parts
Eg trur Erlend Loe er lei av å skrive bøker. Denne boka slår meg som ein parodi, men eg er ikkje sikker på av kva. Den er i ein ganske ukonvensjonell stil, med ca. berre dialog og litt tanker innimellom. Bærer veldig preg av Loe, men er samstundes ikkje like lett å knytte seg til (for min del). Tok ikkje lange stunda å lese (lite tekst per side), og hadde nokon greie poeng – men vil eigentleg ikkje anbefale den om du ikkje allerede har lest anna av same forfattar.

Halvbroren
Lars Saabye-Christensen er ein kjempeflink fortellar. Dette er den første romanen hans eg har lese, og eg trur kanskje at eg burde ha avslutta med denne heller, for det virker som om han har lagt heile seg sjølv i den. Veldig bra bok. Han lager ein serie med bileter som han held seg tru mot gjennom heile boka, på mange forskjellige nivå. Men det blir aldri for mye, eg syns aldri at boka blei pompøs. Ikkje bli skremt vekk av storleiken på boka. Den slipper ikkje tak.

This entry was posted in Bok, Film and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *